Hjem > Artikkel
Sørstraumen Handel nominert til nasjonal pris
Dei aller minste daglegvarebutikkane, kommunar, politikarar og daglegvarekjedane samlast 10. – 11. mai i Molde til konferanse. Hovudtema for konferansen er ”Lokal lojalitet styrker”. Konferansen skal prøve å hjelpe på vegen mot meir lokal handel både av kommunar og bebuarane i bygdene, slik kan fleire bygder få like gode butikkar som Sørstraumen handel.
Merkur-programmet arbeider for ”Multifunksjonelle nærbutikkar”. Og for å få til dette er ein avhengig av eit godt samarbeid med kommunen sin. Sørstraumen handel er ein slik butikk som har mange tilleggsfunksjonar, dette gjev butikken fleire bein å stå på. Sørstraumen handel har både drivstoff, tipping, kommunalt servicekontor med minibibliotek, internett, faks og ei lita kaféavdeling. Dette tyder på kreativitet og evne til utvikling.
Butikkdrivar Liv Reidun Olsen driv butikken på ein svært god og moderne måte og den økonomiske utviklinga er positiv. Betjeninga er smilande og serviceinnstilt, og det er alltid hyggelig å besøke butikken. Liv Reidun Olsen er rett og slett svært god ambassadør for Merkur-programmet.
Merkur-programmet er eit kompetansehevingsprogram for utkantbutikkar, eigd av Kommunal- og regionaldepartementet. Om lag 600 butikkar rundt om i landet er med i Merkur-programmet.
Programmet til konferansen: http://merkur-programmet.no/Default.aspx?tabid=8671
Bilete av prisvinnaren ligg ved.
For meir informasjon:
Sørstraumen Handel: Liv Reidun Olsen tlf: 99542694
Kommuniksjonsrådgjevar i Mekur-programmet: Marit Aa Tennø tlf: 45 47 17 16



